Barn og ungdom


Barn og ungdom


Samlingar i Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL):

Undervisninga me driv med i kyrkja er for alle, men førebels har me eit hovudfokus på aldersgruppa 0-18 år. Gjennom samlingane i undervisningsavdelinga er det eit mål at kyrkja vert ein plass for fellesskap og relasjonar, både med kvarandre og med Gud. Det er stor variasjon i både tema, innhald, aktivitetar og bibelforteljingar på dei ulike samlingane. Nokre samlingar er for eit bestemt årskull, medan andre samlingar har eit større aldersspenn.

Alle døypte barn i vår kyrkjelyd får invitasjon til samlingar i Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL), men alle barn er like velkomne enten dei er døypte eller ikkje. Kyrkjeleg undervisning og læring skal vera eit tilbod til alle, uavhengig av funksjonsevne. Me set pris på at foreldre tek kontakt slik at me kan avtala tilrettelegging.