LYS VAKEN for 11-åringar!


Velkommen til Lys vaken 25.-26. november i Stord kyrkje og 2.-3. desember i Nysæter kyrkje!

Til deg som fyller 11 år i år:
Velkommen til Lys Vaken!

Me vil invitera deg til å bli med på Lys Vaken i kyrkja! Lys Vaken er eit arrangement som blir gjennomført i kyrkjer over heile landet, og er ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja. Veldig spennande! 
Me møtes kl 18 laurdagskvelden, overnattar og et frukost i kyrkja, før me er med på gudstenesta kl: 11. Då er resten av familien til 11-åringen hjarteleg velkommen! Under gudstenesta blir det utdeling av ei flott bok. Arrangementet er ferdig etter gudstenesta.

På Lys Vaken skal me leika, bli kjende med kvarandre, bli kjent med kyrkja og me skal laga til gudsteneste og eta god mat. Me skal òg ha tema: lys - på mange ulike måtar. 
Lys Vaken handlar om å vera "lys vakne" ovanfor kvarandre, for Gud og for oss sjølve.
Ta med: sovepose, liggjeunderlag, vannflaske, toalettsaker og eit ekstra skift. Me kjøper inn kvelds og laurdagsgodt. 

Stord kyrkje:
Påmelding HER. Lys Vaken i Stord kyrkje skal vera frå 25. - 26. november. 

Nysæter kyrkje:
Påmelding HER innan tysdag 28. november. Lys Vaken i Nysæter kyrkje skal vera frå 2. - 3. desember. 

Eller ved å ringja kyrkjekontoret på tlf. 53403430.

Me håpar du har lyst til å komma og gler oss til å treffa deg!

Tilbake