For barn og unge i januar


Mat & Prat: 10.1
Babysong; 16.1
Her & Der: 23.1
Les meir under bilde!!!!
 

 

 

MAT & PRAT i Nysæter kyrkje
Tysdag 10. januar blir det mykje prat blant småbornsforeldre i Nysæter kyrkje. Kom og slå av ein prat over litt mat og møt andre i same situasjon. Det er ope lunsj mellom 11:00 – 13:00. Dette er eit tilbod som er kvar tysdag utover våren og gjeld for både Nysæter og Stord sokn.

 

BABYSONG i Stord kyrkje
Måndag 16.januar startar me opp att med Babysong. Lyst å synge med babyen din og bli betre kjent gjennom rim, reglar og song? Kom på Babysong kl. 11:00 på måndagen. Om du ikkje rekk det med ein gong, er det berre å komme etter kvart. Det er babysong kvar 14.dag i Stord kyrkje og gjeld for begge sokna. 

 

HER & DER på kyrkjestova
Måndag 23. januar møtes me på Kyrkjestova Fredheim!
Her & Der er eit tilbod til dei som går på 7.trinn og oppover. 
Her & Der er for alle ungdommar både i Stord og i Nysæter og er ein måndag i månaden.
Me møtes både her og der til ulikt program, leik, aktivitetar og mykje gøy!
Me skal ha Bingo-kveld og andre kjekke aktivitetar denne måndagen.
Kom innom mellom 19:00 – 21:00. (Bingoen begynne kl. 19:00)
Sjekk ut oversikten til Her&Der utover våren, i Spond:

 

Samlingar for konfirmantar og tilbod for dei mellom 1-9 år kjem i februar.

 

Alt er gratis og utan påmelding!
Velkommen skal du vera til samlingar hos oss!!

Tilbake