Konsert med Lykte


Laurdag 10. september kl 19.00

Vi spelar låtane frå EP-en vi gav ut i februar 2022, og alle musikarane frå innspelinga vert med på konserten. I tillegg spelar vi kvar vår avdeling med ulike besetningar.

Våren 2021 sette vi oss som mål å lage meir musikk saman og gi ut ein EP. Arbeidet resulterte i tre låtar der vi saman har laga tekst og melodi, og jobba fram spanande harmoniseringar. I tillegg hadde John-Inge ein song han hadde laga som kunne passe til det musikalske konseptet - som kanskje kan karakteriserast som pop-jazz med eit hint av soul, med lyse og optimistiske tekstar.

Pris: 250 kr  Born under 12 år - gratis

 

Besetning: Gunhild Aa. Rolfsnes- vokal
John-Inge Rolfsnes - vokal og ak.gitar
Lars Gunnar Solsvik - tangentar
Jørn Olav Myhre - el.bass og kontrabass
Åsmund Espeland - ak.gitar
Martin Hystad - trommer
Ole Jacob Hystad - sax
Johan Aadland - el.gitar
Lyd: Øyvind Brekke

Vi gleder oss til å spele live for dykk!

Medarrangør: Stord Sokneråd

Tilbake