Velkommen som konfirmant 2023


Til deg som er fødd i 2008. Velkommen som konfirmant i kyrkja. Sjå informasjon og link til påmelding under. 

 

I konfirmasjonstida får du som konfirmant vera ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua. Saman skal me på tur og vera med på ulike aktivitetar. Gjennom året er det temasamlingar og gudstenester der du får læra meir om deg sjølv, om tru, om Gud og verda me er ein del av.  

Konfirmasjonstida er for alle. Ved behov for tilrettelegging tek de kontakt med kyrkjekontoret, saman legg me til rette for det tilbodet som er best for dykk. 

Er du ikkje døypt og lurar på om du kan vera konfirmant i kyrkja? Sjølvsagt kan du det!
For å vera med på sjølve konfirmasjonsdagen må du vera døypt, difor får du tilbod om dåp i løpet av året.

Velkommen som konfirmant på Stord; i Nysæter kyrkje, i Stord kyrkje eller i Huglo bedehuskapell!
Me gler oss til å bli kjent med deg!

Frist for påmelding 9. juni.

INVITASJON STORD

INVITASJON NYSÆTER

PÅMELDING KONFIRMANT 2023 

 

 

Tilbake