Ord for veka.


Sjå han som ser deg!

 

Få auga på han som ser deg.

Kor lett er det  å få auga på Jesus  i desse dagar. Kor ofte er han å finna på julekort, i juleutstillingar, i dekorasjonar ?

Eg tar med eit bilete frå ei rundkjøring i Spania. Der er Jesus og den heilage familie å sjå «overalt» på denne tida. Eg  trur ikkje eg har  sett noko tilsvarande i eit einaste butikkvindauge her til lands.

Det er eit sakn. Eg saknar den synlege Jesus.

Men me kan få auge på han. Me skal synge om han, fortelje om han, lese om han. Me skal repetere den gamle forteljing. Sjølv om me ikkje kan gjera det med fulle kyrkjer- så er historien, bileta, musikken, songane tilgjengeleg for oss alle.

Den første som prøver seg på å gje GUD eit namn i bibelen var slavekvinna Hagar. Ho hadde rømt frå husfolket sitt , men Gud møtte henne – og ho sa: «Har eg sett eit glimt av han som ser meg»- og ho kalla staden Lahai-Ro'i-brønnen. «Brønnen til den levande som ser meg».  Me kan sjå han som ser oss.

Når me leitar etter Jesus i jula – så vit at me leitar etter ein som ser, som søkjer , som leitar etter oss. Juleevangeliet  er ei fantastisk forteljing om ein som søkjer oss. Som ser oss.

Få auga på den levande som ser deg!  God Jul

Tilbake