Ord for veka; Stjernehimmelen.


Olaug Gloppen skriv denne veka om kjensla av å vere ein del av noko større enn seg sjølv når ho står under den klare stjernehimmelen på bakkane i Osternes der ho bur. 

 

Det er mørketid. Dagslyset sluknar sakte men sikkert tidligare og tidligare om ettermiddagen. Dagane blir kortare no.

Eg bur i Osternes, på Fitjar. Her er det lite gatelys. På kveldar med klarvêr, er det ein oppleving å gå tur på bakkane. Stjernehimmelen er majestetisk, uendeleg og mektig. Tida står stille mens eg tittar opp mot himmelen og fantasien får fritt rom; tenk kor mange stjerner som er der? Ja, ein kan bli svimmel av mindre! Det let seg ikkje forstå dette med stjerner, galaksar og himmelrommet.

I Bibelen har stjernene fleire gonger ein viktig ramme for hendingar, gjerne som eit bodskap frå Gud til oss menneske.

Abraham fekk eit klart bodskap; « Han (Gud) førde han utanfor og sa: Sjå no opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Og Han sa til han: Slik skal ætta di verta. Og Abraham trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd».1.Mos.,15; 5-6.

Dei tre vise menn kom frå Austerland og «den stor stjerna» viste vegen for dei til Betlehem.

Når eg ser på stjernehimmelen, er eg ikkje på leit etter ein ny stor «ledestjerne». Den ledestjerna har eg allereie; Jesus er ledestjerna som lyser opp i livet og viser meg vegen. Men eg får ei kjensle av å vere ein del av noko større enn meg sjølv der ute på bakkane under den klare stjernehimmelen.

I 1. Mos., 14;19 les vi: « Han velsigna Abraham og sa: Velsigna skal du vera av Den Høgste Gud, han som eig himmel og jord.»

Der på bakkane i Osternes kjenner eg meg velsigna av Han som eig himmel og jord, slik Abraham gjorde.

Olaug Gloppen

Tilbake