Ord for veka


Eit godt minne frå ein konfirmanttime.

 

Eit godt minne frå ein konfirmanttime.

Det var ei gruppe konfirmantar  på dåverande Vidstentunet, konfirmantar med ulik funksjonshemmingar.  Eg fortalde , med bilete, om den miskunnsame samaritan. Viste bilete av den stakkaren som var overfalt av røvarar, så kom bilete av ein som gjekk forbi, og endå ein som ikkje brydde seg. Men så kom han med eselet som stoppa opp og hjelpte.

Kven er det som kjem her ?-  var spørsmålet mitt etter at eg hadde repetert fortellinga fleire gonger.

DET ER JESUS!  Kom det spontant frå ein av dei mest taleføre !

Samaritanen er JESUS. Ja slik er det !  Konfirmanten traff ei gamal og djup tolking av fortellinga om den miskunnsame samaritan.  Jesus fortel om kjærleiken som viser seg i praktisk handling, han viser kven som er ein neste for meg.

Jesus er den som kjem og tek seg av den  forkomne, den andre snur seg bort frå. Og han er vårt føredøme og vår læremeister når me skal leva vårt liv som neste og medmenneske for kvarandre.

Eg er glad i huskereglar, dei må gjerne rime litt….

Kjærleiken frå Gud er FUNDAMENT OG FØREDØME.

Fundament for mitt menneskeverd og mi sjølvkjensle.

Føredøme for mitt liv og mi teneste.

 

Reidar Ådnanes

Tilbake