Lys vaken i Nysæter kyrkje 27.-28.november


Me vil invitera deg som blir 11 år til å bli med på noko spennande og kjekt! På Lys vaken møtest me laurdagskveld og gjer mykje kjekt, så overnattar me i kyrkja og søndag et me frukost før me er med på  gudsteneste. Påmelding under: 

 

På Lys vaken skal me leike, bli kjende med kvarandre, bli kjent med kyrkja og me skal lage gudsteneste og ete god mat. Me skal også ha tema lys på mange ulike og engasjerande måtar. Lys vaken  handlar om å vere vakne og merksame på det som skjer rundt oss. Me skal vere «lys vakne» for kvarandre, for Gud og for oss sjølve. 

Me møtest laurdag kl. 18.00, har forskjellig program og mat utover kvelden, overnattar i kyrkja, et frukost saman søndag morgon og på familiegudstenesta søndag kl 11.00 er alle velkomne. Då skal 11-åringane få ei fin bok. 

Ta med:
- sovepose og eit tjukt og godt liggeunderlag
- toalettsaker
Me kjøper inn laurdagssnop, så det treng ein ikkje ta med. 

Påmelding innan onsdag 24.november HER eller ved å ringe kyrkjekontoret 53403430.
Lurer det på noko så ta kontakt med Ingvild B Almås på mobil 99785312.

Me håpar du har lyst å komma!
Me gler oss til å treffa deg!


 

Tilbake