Messe for en såret jord


Utvida Sanctus framfører Messe for en såret jord i Nysæter kyrkje 7.november kl 1900

 

Som del av koret Sanctus si 25-årsmarkering og som del av Nysæter kyrkje si 30-årsmarkering framfører eit utvida kyrkjekor Sanctus Erik Hillestad og Ketil Bjørnstad si Messe for en såret jord i Nysæter kyrkje søndag 7.november kl 1900.

Reint musikalsk kan ein seia at dette er crossovermusikk då her er element av både klassisk, pop, rock og jazz i ei messe. Frå roleg Introitus, via spenstig Gloria til eit meir rocka Credo. Til slutt roar det heile seg ned med Velsigninga: "Herre gi jorden fred". Øystein Heide Aadland fått med seg fire profesjonelle musikarar og i tillegg ein student frå Rytmisk utdanning ved universitetet i Kristiansand. Det dreiar seg då om sopransolist, tangent, el-gitar, el-bass og slagverk.

  Me ser fram til å framføra denne spennande og utradisjonelle messa i Nysæter kyrkje.

  Velkommen til konsert!

 

Tilbake