Plassen er Brandøy, og tema er: "Jakten på perlene"
Det er ei gleda å kunne invitere til kyrkjelydsleir att. Alle som ynskjer å vera med på leir er velkomen. Du kan vera ung, «gamal» eller midt i mellom. Du kan komme som familie, par eller åleine. Du er og velkomen om du vil vera i lag med oss andre kun laurdag eller søndag (dagpass). Så meld deg på!
Kva skjer på leir? Det blir ulike samlingar for aldersgrupper, leikar, gymsal- og hobbyaktivitetar, fellesskap rundt kaffikoppen på tvers av generasjonar og familiegudsteneste.
Prisliste:
- Vaksne: 2.100,-
- 13-16 år: 1.500,-
- 8-12 år: 1.160,-
- 3 – 7 år: 1.000,-
- Under 3 år: gratis
- Makspris - Familie: 5.750,-
- Eneromstillegg: kr. 350,-
- Leie sengetøy: kr. 150,-
- Oppredd seng: kr. 300,-
- Dagpass (lunsj og middag) kr. 430,-
Betaling med kort eller VIPPS på Brandøy.
Kyrkja kan vera med å støtte økonomisk om økonomi er ei utfordring. Ta kontakt med Jørgen, tlf. 95119678 som har teieplikt.
Påmeldingsfrist: 1. september 2026. Meld deg på her.
NB! Påmelding
Ved påmelding treng me vita:
- Namn, telefon og e-post adresse til ein i husstanden.
- Namn på alle i husstanden. Fødselsår på barna.
- Eventuelle allergiar eller andre behov. Om du skal vera der heile helga eller berre ein dag.