Me vil invitera deg til å bli med på noko spanande, nemleg Lys Vaken i kyrkja!
Lys Vaken er eit arrangement som blir gjennomført i kyrkjer over heile landet, og er ein del av Kyrkjeleg undervisning og læring i Den norske kyrkja.
I Nysæter kyrkje har me tradisjon på å overnatta i kyrkja. Me møtes laurdagskveld, og på søndagen et me frukost i kyrkja, før me er med på gudstenesta
kl 11:00. Då er resten av familien din òg hjarteleg velkommen. Under gudstenesta blir det utdeling av ei flott bok. Arrangementet er ferdig etter gudstenesta.
Me møtes i Nysæter kyrkje, laurdag 8. november kl 18:00.
Meld deg på HER innan MÅNDAG 3. NOVEMBER!