Ei stor bøk har rotvelta på gravplassen ved Stord kyrkje
Under uveret Amy sine herjingar er det ei stor bøk som har rotvelta på gravplassen ved Stord kyrkje. Det har i tillegg blese ned to store steinheller frå kyrkjetaket.
Det er ein del graver som er ramma. Tilsette på gravplassen er på plassen og held på med kartlegging og opprydding.
Dei som har ansvar for graver på gravplassen ved Stord kyrkje må gjerne ta turen for å sjekka situasjonen til sine graver.
Mvh
Liv Kari Bru
Kyrkjeverje/dagleg leiar