Sundagskaffi i Kyrkjestova Fredheim 28. september kl. 17.00
Er hatten framleis aktuell?
Åshild Oma Sele er modist og lagar hattar og hovudplagg til liten og stor, kvinner og menn.
Men er hatten framleis aktuell? Eller er det eit plagg me berre omtalar når me snakkar om våre bestemødre og -fedre?
Forsvann hovudplagga heilt i 60- og 70-talets ungdomsopprør mot tidlegare tiders konforme klesskikk? Eller er det framleis håp?
Åshild snakkar litt om faget, men mest om korleis hatt og hovudplagg passar inn i vår tid.
Kvelden i Kyrkjestova byr òg på høve til å vinna eit hovudplagg i vår første hatte-basar nokon gong...
Som vanleg vert det allsong og kaffi med heimebakst.
Velkomen!