Presentasjonsgudsteneste/ Kommentert gudsteneste


Presentasjonsgudsteneste/ Kommentert gudsteneste


Søndag 17. august kl. 11:00 vert det felles gudsteneste i Nysæter kyrkje. Konfirmantpresentasjon og kommentert gudsteneste. Prest Runar Larsen, kyrkjelydspedagog Solbjørg Hope Angeltveit og kantor Bjarte Aadland. 

 

Κύριε ἐλέησον
"Det er heilt gresk for meg"... Har du nokon gong tenkt at det er mykje uforståeleg som skjer undervegs i ei gudsteneste, og at det kan vera vanskeleg å forstå kvifor ein gjer slik ein gjer?
SØNDAG 17. AUGUST, KL: 11:00 vert det kommentert gudsteneste i Nysæter kyrkje. Dette er ei gudsteneste der ein får dei ulike ledda i gudstenesta forklart og får svar på kvifor ein gjer som ein gjer. Ja, og noko av det er faktisk litt gresk òg. Det vert òg KONFIRMANTPRESENTASJON av dei nye konfirmantane i Nysæter sokn.

Takkoffer til Kirkens Bymisjon Stord. Kyrkjekaffi etter gudstenesta.

Det vert òg møte for alle konfirmantar og føresette etter gudstenesta.

Velkommen!

Tilbake