LEDIG STILLING


Fast 100 % stilling som kateket/kyrkjelydspedagog

Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 19.000 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spanande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 14 tilsette; diakon, diakonimedarbeidar, kantor, kyrkjemusikar, kyrkjelydspedagogar, gravplassarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personell, til saman om lag 14 årsverk. I tillegg er det 2 sokneprestar og ein ungdomsprest. Administrasjonsmålet er nynorsk.

 

Trusopplæring i Stord og Nysæter.
Fast 100 % stilling som kateket/kyrkjelydspedagog.
Tilsetjing 1. august eller etter avtale.

        

 

Arbeidsområde

  • Oppgåver innan trusopplæring og kyrkjeleg undervisning med eit særleg fokus på aldersgruppa  0-18 år.
  • Fordelinga av oppgåver innan trusopplæring vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar m.m

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som kyrkjelydspedagog eller kateket.
  • Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi og pedagogikk vil også bli vurdert.
  • Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.
  • Erfaring med å bruka IT-verktøy og sosiale medium i arbeidet.
  • Den som vert tilsett, skal leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr. Kyrkjelova § 29.
  • Du må vera medlem i Den norske kyrkja.
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

 

Personlege eigenskapar

  • Hjarte for barn og unge.
  • God formidlingsevne.
  • God evne til å planlegga og drifta ulike aktivitetar og tiltak.
  • God relasjonsbyggjar.
  • Kreativ og nyskapande.
  • God evne til å arbeida sjølvstendig og under leiing/rettleiing i team.
  • Evne og vilje til samarbeid.

 

Me kan tilby

  • Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter gjeldande KA-tariff.
  • Pensjonsordning i KLP

 

Anna

  • Tilsetjing skjer med Stord kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Stord og Nysæter som arbeidsområde.
  • Kontorstad: Stord kyrkjekontor i Leirvik sentrum.
  • Du må trivast med ein del kveld –og helgejobbing. Avspasering etter avtale.

                                                                                                                                                                           

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til einingsleiar for trusopplæringa;

Ingvild Baugstø Almås tlf. 997 85 312, ingvild@kyrkja-stord.no eller

kyrkjeverje/dagleg leiar, Liv Kari Bru tlf. 473 50 754, liv.kari@kyrkja-stord.no

 

 

Søknad med CV og to referansar kan sendast til

 

liv.kari@kyrkja-stord.no

 

Søknadsfrist: Fredag 3. mai 2024

 

www.kyrkjastord.no

Tilbake