Informasjonskveld for Stord sokn


Søndag 14. april kl 17:00 ønskjer Stord sokneråd velkomen til ein kveld i Kyrkjestova Fredheim. Der vil du få ei god oppdatering om alt som skjer i kyrkja vår - og kan gi innspel til soknerådet om arbeidet. I år får vi og høyra og sjå bilete frå turen til Cuba og bli betre kjend med misjonsprosjektet vi støttar der. Det vert servert kringle og kaffi. 
 
Ønskjer du å lese meir om aktiviteten i soknet kan du lasta ned ÅRSRAPPORTEN FOR 2023.
Tilbake